Til innholdet

Prosjektnummer

901492

Prosjektinformasjon

Prosjektnummer: 901492
Status: Avsluttet
Startdato: 01.04.2018
Sluttdato: 28.06.2019

Kartlegging av forekomst av Listeria monocytogenes i sjø

​Prosjektet har avdekket en ny mulig smittevei fra sjøfasen til slakterier og gitt et vesentlig bidrag til å utvikle tiltak mot listeria
​• Mindre andel av overflateprøvene på fisk i merd er kontaminert med Listeria monocytogenes (5 %).
• I denne undersøkinga fann ein høgast forekomst av Listeria monocytogenes på dødfisk og dødfiskutstyr (45 %).
• Dei fleste stammene som ein finn på sjøanlegga finn ein også i brønnbåt og på slakteri. Det kan sjå ut som at brønnbåtane kontaminerast ved lasting av fisk og at dette bidreg til å ​auke smittepresset på fisk ved lossing inn til slakteriet.
​Resultata av denne undersøkinga viser at fisk kan bli smitta med Listeria monocytogenes i sjø, og at det tyder på at dødfisk i merd kan bidra til å smitte fisk i merd. I tillegg så viser resultata at brønnbåt kan vera ein viktig berar av Listeria monocytogenes-smitte på fisken inn til slakteriet. Ein kan ikkje slå fast med sikkerheit kva som er årsak til at forekomsten er såpass høg på dødfisk, men det kan hende at fôrrester kan spela ei rolle her, sidan ein fann at 18 % av fôrprøvene frå fôringsanlegget var positive.

Ein kan nok ikkje konkludere med at dødfisk i seg sjølv er hovedkilda til Listeria monocytogenes i sjøanlegg basert på desse funna, men det kan sjå ut som at dødfisk kan representere ein potensielt viktig smittekjelde på sjøanlegget og kanskje eit viktig “oppformeringsmedium”. Ved å sørge for hyppig fjerning av dødfisk kan ein redusere risiko for at ei slik oppformering skjer.

Det kan sjå ut som at brønnbåtane kontaminerast ved lasting av fisk og at dette bidrar til å auke smittepresset på fisk ved lossing inn til slakteri. Genotyping viser at stammene som er funne på fisk i sjø, også følger med over i brønnbåten og inn til slakteriet. Genotyping viser også at andel stammer som følger med inn til slakteriet er større frå brønnbåt enn frå sjøanlegg.
​Dette er viktige resultater og avdekker en potensiell smittevei for Listeria moncytogenes fra sjøfasen og til slakterier. Man har hatt mistanke om at dette kunne være tilfelle, men nå er det vist at det kan skje. FHF vil ta initiativ til å få gjennomført en utvidet undersøkelse for å dokumentere om denne smitteveien gjelder generelt og bruke dette til å definere tiltak for å hindre at så skjer. En har nå en mulighet til å lage en barriere mot kontaminering av prosessanleggene som kan være effektiv.
Ved slakteriene har ​ein erfaring for at ein kan finne Listeria monocytogenes på laks i merd i sjø. I Marine Harvest Canada har ein i fleire år rutinemessig svabra fisk i merd før pumping i slaktebåt, og det viser seg at rundt 25 % av desse prøvene er positive. Graden av påvisningar viser seg også å variere gjennom året, altså sesongvariasjoner, der ein har en aukande forekomst om hausten. I Norge er det gjort liknande observasjonar, men prøvetakinga har vore mindre systematisk, slik at ein har ikkje så gode data.

Formålet med dette prosjektet er å gjennomføre systematisk prøvetaking av utvalde lokalitetar gjennom året, for å kartlegge kor stor forekomsten av Listeria monocytogenes er og om det er samme mønster som  i Canada. Det er dernest viktig å finne ut kor stor betydning forekomst av listeria i sjø har for påvisning av Listeria monocytogenes på laks i fabrikk. Alle påviste Listeria monocytogenes vil bli genotypa på eigen lab. På denne måten kan ein få betre svar på kor stor relevans påvisningar på lokalitet i sjø har for påvisningar i fabrikk.

Å fremskaffe kunnskap om utbredelse av listeria i sjøfasen og nytte denne kunnskapen til å gjennomføre målretta tiltak for å redusere forekomst av Listeria monocytogenes på sløyd laks. ​

Kunnskapen ein får frå denne kartlegginga kan bidra til å sette i gang meir målretta risikoreduserende tiltak, som:
• tiltak i sjø eller ved prosesseringsmottaket for å redusere smittepresset inn i fabrikken
• ekstra spyling av fisk ved slakting av “risikoanlegg”
• ekstraordinær vasking av fabrikk under slakting av fisk frå “risikoanlegg” for å hindre etablering av Listeria monocytogenes i utstyr i fabrikken
• ekstraordinære tiltak på brønnbåt i form av ekstra kontroller og ekstra vasking
Det skal bli svabra fisk før fisk bli pumpa om bord i brønnbåt på alle lokaliteter i Marine Harvest region sør.

I tillegg til dette er tre lokaliteter plukka ut for utvida prøvetaking. På desse lokalitetene vil ein ta:
1. vassprøver i merd, utafor merd og mellom anlegg og land, eventuelt mellom anlegg og ferskvasstilsig (elv). Tre ulike djup på alle prøvepunkt
2. vassprøver frå brønnbåt/slaktebåt, før og etter at fisken er pumpa om bord
3. fôrprøver: Fôrprøver frå silo og fôrslanger
4. prøver av blåskjell og anna groe på not eller på potongar på anlegg
5. registrering av verforhold, prøvetakingsdag, temperatur, samt salinitet i dei ulike djup
6. prøver av fisk i dødfisk-håv
7. prøver av fisketarm på slakteri

Eurofins skal gjennomføre alle analysene. Sjølve uttaka av dei ulike prøvene utføres av Marine Harvest. ​
Resultater fra prosjektet vil bli formidla på FHF sine heimesider. Presentasjon av resultat og konklusjonar vil også bli presenterte på bransjemøter/fagmøter.
keyboard_arrow_up