Til innholdet

Enkelte eldre prosjekter i databasen, særlig fra før år 2008, kan fremstå med mangelfull informasjon på grunn av overgang til nytt nettsted. Vi jobber fortløpende med forbedringer, skulle du oppdage feil, ikke nøl med å ta kontakt med prosjektansvarlig hos oss.

Prosjektnummer

242062

Prosjektinformasjon

Prosjektnummer: 242062
Status: Avsluttet
Startdato: 01.01.2004
Sluttdato: 08.03.2009

Rettsstillingen for private rettar i kyst- og sjøområde i møte med offentleg regulering

Ei sentral nyskaping med avhandlinga er klargjering av prinsippet om open kyst. I avhandlinga er det lagt til grunn at prinsippet om open kyst er ei nyansering av utgangspunktet om alminneleg handlefridom på sjøen. I dag kan det klart nok ikkje gjelde eit prinsipp om fri okkupasjon, men er tvert om slik at arealkrevjande og permanente tiltak krev særleg heimel i lov og forvaltningsvedtak. Oppføring av t.d. vindmølleparkar, fiskeoppdrettsanlegg, utfylling og utbygging må ha offenleg løyve, som er gitt med heimel i lov. I prinsippet om open kyst er det vidare ein føresetnad om eit visst vern om private rettar, som t.d. tilflotsrett, laksefiskerett, utsikt, allmenn ferdsle, fiske og friluftsliv. Dette er interesser som lovgivar og forvaltar må vurdere i samband med lovgiving og forvaltningsvedtak som gjeld bruk av kystnært sjøområdet.

Ein viktig synspunkt i avhandlinga er at grunngivinga for privat eigedomsrett kan endre seg, og at ei sentral grunngivinga for strandeigaren sine private rettar i sjøen i dag er omsynet til å oppretthalde busetnaden i distrikta. Alternativet til vidareutvikling av privat eigedomsrett, er ikkje fri okkupasjon, men offentleg styring gjennom konsesjon og løyve. Både privat eigedomsrett og offentlege konsesjonar, kan sikre omsynet til berekraftig utvikling gjennom avgrensa bruk. Ein fordel med priortering av strandeigaren sine interesser, er at ein kan oppnå både ønskja næringsvekst òg oppretthalding av bustnaden i distrikta. I avhandlinga har ein lagt til grunn at private rettar ikkje treng å vere det same som einerettar, men kan vere ein førsterett til å få tildelt ein offentleg konsesjon i dei tilfelle det er konkurranse mellom fleire. Dette er ei nyskaping ved avhandlinga. Konklusjonen på den innleiande problemstillinga, er at strandeigaren sine rettar framleis er svært viktige. I saker som gjeld aktiv arealbruk (utfylling og utbygging), er det kommunale kystsoneplanar som er avgjerande for kva for bruk som kan skje, men at dette er utnyttingsmåtar som framleis kan vere sentrale for mange strandeigarar. I dag er dei viktigaste verdiane av ein strandeigedom likevel knytta til ”ikkje-bruk”, som t.d. tilflotsrett, bading, utsikt og vern mot støy. Dette er verdiar som lovgivar og forvaltning i tråd med prinsippet om open kyst må vurdere i samband med arealplanlegging og einskildvedtak. I avhandlinga konkluderer ein med at strandeigaren sine rettar bør ha heimel i lov, slik at det vert enklare for forvaltninga å ta tilstrekkeleg omsyn til strandeigaren sine interesser i samband med arealplanlegging, tildeling av løyve og konsesjon.

Organisering
Prosjektet har vært finansiert gjennom Noregs forskingsråd med fullfinansiering frå FHF. Fystnevnte har hatt ansvaret for kvalitetssikring av prosjektet fagleg og administrativt. Prosjektet har en eigen nettside hos Forskningsrådet (prosjektnr. 162514) med supplerande opplysningar.
Bakgrunnen for å ta opp dette temaet er den er den auka bruken av kystnært sjøområde til akvakultur, vindkraft, bøljekraft, småbåtanlegg, turisme og friluftsliv. Den auka utnyttinga skaper interessekonflikter. Det kan til dømes oppstå konflikter mellom havbruk og utnytting av sjøområdet til organisert turisme og friluftsliv.
Å bidra til å utvikle kompetanse om rettslege problemstillingar innafor kystsoneforvalting knytta til rettsstillinga for private retter i kyst- sjøområde i møte med offentleg regulering.
Utgangspunktet er at innhaldet i samansette rettar som både eigedomsrett, bruksrettar og allemannsrett kan endre seg med tida og tilhøva.1 Spørsmålet er om dei nye utnyttingsmåtane i sjøområdet har auka eller minka verdien av strandeigaren sine særlege private rettar. I ein større samanheng er dette eit spørsmål om fordeling av verdiar og forvaltning av ressursgrunnlaget.

Avhandlinga vil vidare vere viktig for offentleg forvaltning, særleg i samband med klargjering av verdien av open kyst og klargjering av kva for moment som er viktig å leggje vekt på i samband med forvaltningsvedtak som gjeld arealbruk i sjøen.
I tråd med vanleg framgangsmåte ved juridiske doktoravhandlingar, er avhandlinga eit sjølvstendig arbeid, under rettleiing av professor, og i denne samanhengen altså Ernst Nordtveit og siste året også Ørnulf Rasmussen. Kollegaer ved juridisk fakultet har vore nytte diskusjonspartnarar.

Prosjektet er gjennomført på den tida – og med slike ressursar – som fell inn under dei normale rammene for prosjektet.
Det skal gis et populærvitskapleg samandrag av resultater som er framkommet i prosjkektet.
keyboard_arrow_up