Til innholdet

18.04.2018

Havbruk

Tar opp kampen mot lakselus med Strømmen-rør

I 2017 satte FHF i gang ei strategisk satsing retta mot utvikling av kunnskap og tiltak som kan bidra til effektiv førebygging av lakselus.

Del artikkel

Difor vart prosjektet utlyst og Fjord Miljø og Salmar Farming samarbeider om gjennomføringen av prosjektet. Målet er å produsere ein generasjon laks uten handtering på grunn av lakselus. Prosjektet skal finne den førebyggande effekten mot lakselus ved bruk av «Strømmen-rør» kombinert med luseskjørt på 8 meter.  Samtidig skal prosjektet dokumentere merdmiljø og fiskevelferd for laks og rensefisk gjennom heile produksjonssyklusen. Møreforsking Ålesund er ansvarleg for uavhengig dokumentasjon av resultat i prosjektet.

 

Prosjektgruppe

 

Bilde: Prosjektgruppen. Framme frå venstre: Jan Sunde (Møreforsking Ålesund), Audny Hellebø (Møreforsking Ålesund), Roar Pedersen, (fagsjef FHF), Paul Jacob Helgesen, prosjektleiar (Segel), bak frå venstre: Lars Osdal, (Teknisk avd., Salmar farming), Lars-Kjetil Hunnes (driftsleiar, Salmar farming), Jørgen Holmen (Teknisk sjef, Salmar farming), Sven Jørgen Strømmen (Fjord Miljø).

 

Jørgen Holmen , Salmar Farming

«Skjerming mot lakselus er sentralt i Salmar Farming sin strategi mot lakselus. Vi jobber derfor også aktivt med merdmiljø. En stor andel av Salmar farming sine merder vil ha nytte av miljøforbedrende tiltak» sier Jørgen Holmen (bildet), teknisk sjef i Salmar Farming.

 

At ulike metodar for skjerming mot lakselus gjev ein førebyggjande effekt er godt dokumentert. Men bruk​​​ av ulike metodar for å skilje laksen frå lakselusa har også synt at det kan gi eit sub-optimalt miljø i merda, svekke appetitten til fisken, redusere tilvekst og velferd med meir.

 

Fjord Miljø AS sitt «Strømmen-rør» er som eit ventilasjonsanlegg som skal oppretthalde eit merdmiljø der fisken kan ete, vekse og trivast, samstundes som den vert skjerma mot lakselus. Systemet inkluderer automatisert styring basert på målte miljøparameter for å sikre optimal fiskevelferd og samstundes optimalt energiforbruk. Systemet har alarmsystem. Kontinuerleg logging gjev innsikt i forholda for fisken, og korleis Strømmen-røret bidrar. Systemet er difor godt eigna til å dokumentere fiskevelferd og tiltak. «Det er behov for å finne metodar som sikrar og dokumenterer at fiskane har eit godt miljø til ei kvar tid» seier Sven Jørgen Strømmen, gründer bak Fjord Miljø AS. 

 

«Dette prosjektet vil undersøke om Strømmen-rør i kombinasjon med djup skjerming mot lakselus vil ha ein førebyggjande effekt mot lakselus, samstundes som merdmiljø og fiskevelferd er ivaretatt. Etter kvart som resultat føreligg vil vi komme med oppdateringar på våre nettsider» avsluttar Roar Pedersen, ansvarleg i FHF.  

 

Les meir om prosjektet her 

 

Kontaktinformasjon FHF:
Roar Pedersen
roar.pedersen@fhf.no
Tlf: 48077688

 

Kontaktinformasjon Segel:

Paul Jacob Helgesen

Paul.jacob@segel.no

Tlf: 48998383

 

Kontaktinformasjon Fjord Miljø:

Sven Jørgen Strømmen

Tlf: 91167490

 


keyboard_arrow_up