Til innholdet

22.10.2013

Seminar: Korleis halde nede lakselus

Det er opparbeidd mykje kunnskap om korleis ein kan minimere problema med lakselus. Eit seminar på Gardermoen 10. desember, som blir innleia av statsråd Helga Pedersen, vil oppsummere kva vi veit og kva vi kan gjere med lakselusa.

Del artikkel
- Kampen mot lakselus må førast langsiktig og på fleira frontar, poengterer Kjell Maroni som er FoU-koordinator hos forskingsfondet FHF. Seminaret vil ta for seg tema som lokalisering av anlegg, bruk av leppefisk, medikamentbruk, vaksiner og avl. Knut Hjelt i Fiskeri- og Havbruksforeningens Landsforbund (FHL) understreka i IntraFish i går at næring, kompetansemiljø og forvalting gjer mykje for å betre kontrollen med og halde nede lakselusa. Seminaret er eit høve til å gjere opp status, formidle kunnskap, og avdekkje moglege vegar vidare i lakseluskampen. Linken er dessverre fjernetProgramLinken er dessverre fjernet Etter innleiing av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen og ein kort oppsummering, blir det korte innlegg om kvart aktuelt tema, med påfølgjande spørsmål og diskusjon. Programmet ser i hovudsak slik ut: 0900 Velkomst 0935 Innleiing 0950 Bakgrunn 1020 Lokalisering 1120 Kaffipause 1135 Bruk av leppefisk 1235 Lunsj 1330 Bruk av medikament 1505 Kaffipause 1530 Avl 1620 Vaksiner 1745 Oppsummering 1800 Avslutning For fleire detaljar og påmelding, sjå  » Linken er dessverre fjernetinformasjon om lakselusseminaret, inkludert påmeldingLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetførebels program for lakselusseminaretLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetartikkel i IntraFish (abonnementsside som krev passord)Linken er dessverre fjernet Linken er dessverre fjernetFotolisens: Creative Commons Linken er dessverre fjernetCCPLLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up