Til innholdet

22.10.2013

Nyutvikla pulsmålar for laks

Eit instrument som måler hjarteslaga til laks i tidlege stadium, blir no verdas første kommersielle produkt av sitt slag. Instrumentet er utvikla for eit prosjekt i regi av forskingsfondet FHF.

Del artikkel
Pulsmålaren er utvikla av SINTEF-avleggjaren Thelma, som har arbeidd med akustiske sendarar sia 2002. Hjarteratesendaren kan opererast inn i bukhola på fisk som er under 100 gram. Frå bukhola kan han overvake fisken sine hjarteslag og sende informasjonen opp til ein mottakar på land. Linken er dessverre fjernetTrening av lakseparrLinken er dessverre fjernet - Vi har laga liknande sendarar før, men dei har vore større, hatt kortare levetid og ingen "intelligens", seier senioringeniør Jan Eyolf Bjørnsen i Thelma. - Det som er spesielt med denne sendaren, er at den har ein mikroprosessor som tolkar signalet frå fiskehjartet, og at den er mindre samstundes som levetida er lengre. Den 9 millimeter store sendaren er opphavleg utvikla for å undersøkje effekten av aerob uthaldstrening for oppdrettslaks. Prosjektet, som framleis føregår, blir leia av Nofima (tidlegare Akvaforsk) og inkluderer NIVA, NTNU medisin, NVH, UiB og Thelma. Hjerteratesendarar blei brukt til å samle totalt 350 000 målingar frå lakseparr over ein periode på 40 dagar. Linken er dessverre fjernetFleire bruksområdeLinken er dessverre fjernet - I tillegg til å studere treningseffektar, kan sendaren vere aktuell for åtferdsstudiar, seier Bjørnsen. - Hjartet er ein bra indikator på om fisken er stressa. - Dette opnar ein del nye moglegheiter som ikkje har med det opphavlege treningsprosjektet å gjere, stadfester Kjell Maroni, som er FoU-koordinator i FHF (Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond) og fagsjef for FoU Havbruk i FHL (Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening). - Ein slik sendar kan vere interessant til fleire bruksområde for fleire forskingsmiljø. For meir informasjon, sjå  » Linken er dessverre fjernetnyhendebrev frå ThelmaLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetprosjektbeskriving for treningsprosjektetLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up