Til innholdet

22.10.2013

Marknadsretta handlingsplan

Forskingsfondet FHF har tatt initiativ til å få utarbeida ein handlingsplan for marknadsretta FOU-aktivitet for perioden 2009-2012. Planen legg premissane for FOU-arbeidet i regi av FHF, og vil sikre ein heilskapeleg og godt forankra strategi.

Del artikkel
Fiskeri- og havbruksnæringens Forskningsfond (FHF) har innanfor området handel og marknad fram til no ikkje hatt nokon fastlagt strategi å arbeide etter, og ein har sett behov for ei større grad av koordinering og målretting av FOU-aktiviteten på området. Det har også vore behov for ei større grad av forankring av aktiviteten i næringa. Linken er dessverre fjernetMarknad, handel, konkurranse og strategiLinken er dessverre fjernet Det overordna målet med planen er å medverke til høg verdiskaping, god konkurranseevne, god lønssemd og stabile arbeidsplassar innan norsk sjømatnæring. Ein viktig premiss for at sjømatnæringa skal lukkast i framtida er kunnskap om sentrale forhold, som kva forbrukarane ønskjer og kva konkurrentane gjer, handelsvilkår i ulike marknader, korleis distribusjonskanalane utviklar seg og kva konkurransestrategiar som er mest lønssame. Planen er delt inn i tre temaområdar, der viktige utfordringar og problemstillingar vert drøfta. Desse er marknad (etterspurnadsforhold), handel (handelsvilkår) og konkurranse og strategi. Planen har og eit eige avsnitt om korleis ein kan gjere forsking meir relevant og tilgjengeleg for brukarane. Fordi sjømatnæringa med ujamne mellomrom opplever nye utfordringar og hindringar, har det vore viktig at planen kan vere fleksibel og ikkje ?låser? alle midlane til bestemte tema på førehand, men at den og gjev rom for løyvingar til å sjå på nye utfordringar som kan kome. Linken er dessverre fjernetKommande forskingsbehovLinken er dessverre fjernet Handlingsplanen gjev ei oversikt over det vi ser som forskingsbehov på områda handel, marknad og konkurranse i dei neste fire åra (2009-2012). Områder som i første omgang har merka seg ut er: 1. Miljø, berekraft, trygg sjømat, etikk og dyrevelferd. Det auka fokuset på desse områda har stor innverknad på næringa. Det er viktig å ha kunnskap om kva forbrukarane/innkjøparane faktisk vert påverka av og korleis næringa kan tilpasse seg dette. 2. Konkurransefortrinn som kan medverke til auka verdiskaping og betre lønssemd. Auka fokus på produktutvikling og marknadstilpassing krev omstillingsevne og kunnskap der bedriftene må fokusere på innovasjon basert på ønskjer og preferansar for høgkvalitetsprodukt hjå forbrukarane. 3. Utvikle og kommunisere nye produkteigenskapar til forbrukar. Konkurransefortrinna for norsk sjømat vil særleg vere knytt til utvikling av råstoffkvalitet og bruk av fersk råstoff for å kunne konkurrere mot for billegare produkt frå Asia, som normalt er basert på fryst råstoff og ferdigprodukt. Dette krev mellom anna at ein identifiserer dei etterspurde produkteigenskapa og dei rette marknadssegmenta. Linken er dessverre fjernetProsjektetLinken er dessverre fjernet Ei prosjektgruppa med representantar frå FHL, NSL, Norges Fiskarlag, EFF og LO har vore ansvarleg for å utarbeide handlingsplanen, som vart lagt fram i oktober. Det faglege ansvaret har vore lagt til Nofima Marknad. Det har vore gjennomført ein spørjeundersøking i næringa om forskingsbehov og prioriteringar. Det er i tillegg arrangert eit ope arbeidsmøte, med deltaking frå næringa, styresmakter, verkemiddelapparatet og forskingsmiljøa. Dette har danna denne faglege plattforma for utarbeiding av handlingsplanen. For meir informasjon, sjå  » Linken er dessverre fjernethandlingsplanenLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetprosjektbeskriving og -oppsummeringLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up