Til innholdet

22.10.2013

Marine protein har internasjonalt potensial

Marine oljer er den marine ingrediensen som det har vore mest innovasjon og størst utvikling rundt dei siste åra. No peikar ein ny rapport på at det òg er gode marknadsmoglegheiter for marine protein.

Del artikkel
Rapporten, som er utarbeidd av stiftelsen RUBIN for forskingsfondet FHF, skisserer internasjonale trendar og perspektiv for marine ingrediensar. Det eksisterer lite statistikk på området, så den nye forskinga kombinerer offentlege rapporter og data med informasjon frå industrielle kontaktar og marknadskontaktar. I perioden 2001-2007 har det vore ein årleg vekst på 25 % i marknaden for omega-3-oljer, og ifølgje den nye rapporten verkar det framleis å vere eit stort potensial for vidare utvikling og vekst. Men moglegheitene er ikkje avgrensa til dei marine oljene. Linken er dessverre fjernetMiljø og helse blir viktigareLinken er dessverre fjernet Ei gjennomgang av internasjonale trendar vier at forbrukarane si kjøpsavgjerd i aukande grad ser ut til å bli påverka av miljøomsyn, mellom anna haldningar til berekraft og tilgang på marine råvare. Ingrediensproduksjon som gir betre utnytting av fangst, bifangst og biprodukt frå fiskeindustrien, kan såleis vere gunstig overfor miljømedvitne konsumentar. Ernæringsverdi og helse blir òg jamt viktigare for konsumentane. Marknaden for kosttilskot aukar, og helseeffekten av marine ingrediensar kan vere eit salsargument overfor forbrukarane. I matvareindustrien er ein derimot meir van med og gir ofte førerang til vegetabilske ingrediensar. Utviklinga går uansett i retning av meir såkalla funksjonell mat, det vil si mat som er tilsett ingrediensar som ikkje opphavleg finnast i matvara, men som kan gi maten betre eigenskapar. Omega 3 er eit døme på eit slik tilsetningsstoff. Det aukande helsefokuset kan framover bidra til å bane vei for andre marine ingrediensar, mellom anna sjøgras, algar og peptidar (aminosyrer). Linken er dessverre fjernetVeleigna norsk industristrukturLinken er dessverre fjernet Salet av marine aminosyrer og protein har så langt vore lågt. Utviklinga av proteinprodukt er i eit tidleg stadium, og råvarene er komplekse. Det er difor framleis utfordringar knytt til å utforme ein mest mulig eigna produksjonsprosess. Like fullt er det i seinare år gjort framsteg på enkelte frontar. Mellom anna er det utvikla ein ny metode for å framstille såkalla proteinisolat, eit protein av høg kvalitet som kan nyttast mellom anna til å binde vass til ulike typar sjømat. Ein skal òg vere obs på at den industrielle strukturen i Noreg, med store lakseslakteri, gjer det mogleg å samle opp kommersielle mengder biprodukt som ein kan utvinne protein frå. Strukturen er såleis eigna, men tradisjonen for å utvikle denne type produkt er enno ikkje tilstrekkeleg velutvikla i Noreg. Linken er dessverre fjernetKonkurrentane satsarLinken er dessverre fjernet Om ikkje den norske næringa banar veg for marine ingrediensar, kan mykje tyde på at andre står klar. Internasjonalt er det fleire land som posisjonerer seg. Japan og Canada satsar allereie tungt på å utvikle si marine sektor, og no blir det starta opp tunge, fleirårige marine program i land som Frankrike, Irland og Taiwan. For meir informasjon, sjå  » Linken er dessverre fjernetsluttrapportenLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetprosjektbeskriving og -oppsummeringLinken er dessverre fjernet Linken er dessverre fjernetFotolisens: Creative Commons Linken er dessverre fjernetCCPLLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up