Til innholdet

22.10.2013

Kven fortener årets formidlingspris frå FHF?

FHF skal dele ut sin årlege formidlingspris på TEKMAR 2010, og ønskjer no innspel om kven som bør bli heidra. Siste frist for å melde inn kandidatar er 22. november.

Del artikkel
Med formidlingsprisen vil forskingsfondet FHF stimulere til lettfatteleg og god formidling av resultat frå forsking og utvikling (FoU). Prisen kan gis til forskarar, journalistar, næringsutøvarar, organisasjonar og andre som engasjerar seg i FoU-formidling, men ikkje til tilsette i FHF. Nominasjonar kan sendast til informasjonssjef i FHF, Inge Harkestad (Linken er dessverre fjernetinge.harkestad@fhf.noLinken er dessverre fjernet), fram til 22. november. Formidlingsprisen er todelt, med ein premie på 20 000 kroner for beste formidlingsaktivitet i inneverande år og ein premie på 10 000 kroner for lengre tids bidrag til god FoU-formidling. Aktiviteten kan bestå av eit eller fleire tiltak, så som føredrag, populærvitskapelege artiklar og anna FoU-formidling knytt til fiskeri- og havbruksnæringa. Linken er dessverre fjernetUtdeling på TEKMAR 2010Linken er dessverre fjernet FHF sin formidlingspris vil bli delt ut på ein konferanse som i seg sjølv er eit viktig formidlingstiltak, TEKMAR 2010. Årets konferanse, som vert halde på Britannia Hotell i Trondheim 7. og 8. desember 2010, er den åttande i rekkja. Programmet tek for seg utfordringar dei ti neste åra for ei oppdrettsnæring som i år ligg an til ein årsproduksjon på 1 million tonn. Eksponert oppdrett er eit viktig stikkord i programmet, som elles vier ein heil sesjon til lakselusproblematikk. SINTEF har hovudansvaret for den praktiske tilrettelegginga og gjennomføringa av konferansen, medan FHF, Norges forskingsråd, FHL Havbruk, Norsk Industri, NME og Innovasjon Noreg er viktige bidragsytarar. For meir informasjon om TEKMAR, sjå  » Linken er dessverre fjernetwww.tekmar.noLinken er dessverre fjernet Meir informasjon om tidlegare vinnarar:  » 2009: Linken er dessverre fjernetMargrethe Esaiassen, Bjørg H. Nøstvold og Jens Østli (Nofima) og     Jens Østli (Nofima)Linken er dessverre fjernet  » 2008: Linken er dessverre fjernetRune Larsen (Nofima) og Jørgen Borthen (Norsk Sjømatsenter)Linken er dessverre fjernet  » 2007: Linken er dessverre fjernetTrude Olafsen (SINTEF) og Hans Morten Sundnes (Norsk Fiskerinæring)Linken er dessverre fjernet  » 2006: Linken er dessverre fjernetFrank Asche (Universitetet i Stavanger) og Gustav-Erik Blaalid     (Norsk Fiskeoppdrett)Linken er dessverre fjernet  » 2005: Linken er dessverre fjernetTørrfiskforum og Kjell Midling (Fiskeriforskning)Linken er dessverre fjernet  » 2004: Linken er dessverre fjernetBjørn Olav Rosseland (NIVA/Landbrukshøgskulen), Gjermund Langedal     (Fiskeridirektoratet) og Harald Normann (Fisk Industri og Marked)Linken er dessverre fjernet  » 2003: Linken er dessverre fjernetPer Gunnar Kvenseth (Norsk sjømatsenter), Fiskeriforskning og     Erik Sterud (Veterinærinstituttet)Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernetFotolisens: Creative Commons Linken er dessverre fjernetCCPLLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up