Til innholdet

22.10.2013

Kven er dei beste formidlarane i 2009?

FHF vil dele ut sin årlege formidlingspris på Havbrukskonferansen, 26.-27. november. FHF ber no om innspel om kven som fortener formidlingsprisen for 2009.

Del artikkel
Havbrukskonferansen går over to halve dagar, og er gratis å vere med på. Konferansen blir halde på Thon Hotel Bristol i Oslo, av Eksportutvalet for fisk i samarbeid med Nordea Markets og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforeining. Linken er dessverre fjernetFormidlingsprisenLinken er dessverre fjernet Føremålet med formidlingsprisen er å stimulere til lettfatteleg og god formidling av forskingsresultat. FHF ønskjer på denne måten å synleggjere og verdsetje dei gode forskingsformidlarane. Det blir delt ut to prisar. Den første er ein premie på 20 000 kroner for beste formidlingsaktivitet i inneverande år. Aktiviteten kan bestå av eit eller fleire tiltak, så som foredrag, populærvitskapelege artiklar og anna forskingsformidling knytt til fiskeri- og havbruksnæringa. Det blir òg delt ut ein premie på 10 000 kroner til nokon som over lengre tid har vist god evne til forskingsformidling og/eller bidrege til å auke interessa for forsking og utvikling i næringa. FHF ber om at kandidattips sendast til informasjonssjef Inge Harkestad på e-postadressa Linken er dessverre fjernetinge.harkestad@fhf.noLinken er dessverre fjernet innan 10. november. Det er mogleg å nominere både enkeltpersonar og grupperingar/miljø. Tilsette i FHF kan ikkje bli nominert. Tidlegare vinnarar:  » 2008: Linken er dessverre fjernetRune Larsen (Nofima) og Jørgen Borthen (Norsk Sjømatsenter)Linken er dessverre fjernet  » 2007: Linken er dessverre fjernetTrude Olafsen (SINTEF) og Hans Morten Sundnes (Norsk Fiskerinæring)Linken er dessverre fjernet  » 2006: Linken er dessverre fjernetFrank Asche (Universitetet i Stavanger) og Gustav-Erik Blaalid    (Norsk Fiskeoppdrett)Linken er dessverre fjernet  » 2005: Linken er dessverre fjernetTørrfiskforum og Kjell Midling (Fiskeriforskning)Linken er dessverre fjernet  » 2004: Linken er dessverre fjernetBjørn Olav Rosseland (NIVA/Landbrukshøgskulen), Gjermund Langedal    (Fiskeridirektoratet) og Harald Normann (Fisk Industri og Marked)Linken er dessverre fjernet  » 2003: Linken er dessverre fjernetPer Gunnar Kvenseth (Norsk sjømatsenter), Fiskeriforskning og     Erik Sterud (Veterinærinstituttet)Linken er dessverre fjernet For meir informasjon om havbrukskonferansen, sjå  » Linken er dessverre fjernetEksportutvalet si nettside om konferansenLinken er dessverre fjernet Linken er dessverre fjernetFotolisens: Creative Commons Linken er dessverre fjernetCCPLLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up