Til innholdet

22.10.2013

Korleis kan vi utnytte kongekrabba betre?

Mange reknar ho for å smake betre enn hummar, og ho finst i store mengder utanfor Finnmark og Troms. Forskingsfondet FHF trappar no opp forskinga på kongekrabbe som kommersiell ressurs. 26. mars kan du vere med på å avgjere vegen vidare.

Del artikkel
26. mars inviterar FHF og FHL til kongekrabbemøte hos Nofima Marin i Tromsø. Møtet er ope for alle med interesse for kongekrabbe, ikkje minst krabbeprodusentar. På møtet vil forskarane ta opp tema som kongekrabberogn og totalutnytting av krabba, og det vil bli ei ope diskusjon der deltakarane gir innspel til vidare forsking. Linken er dessverre fjernetFaglege innleggLinken er dessverre fjernet Noreg er det einaste landet som tillett fangst av hokrabber, og som såleis har moglegheit for å selje kongekrabberogn. Eit slikt produkt har derfor potensial til å bli eksklusivt og innbringande. På møtet blir det presentert resultat frå forsking og marknadsuttesting. Ein ny rapport om totalutnytting av kongekrabba blir òg lagt fram. I samband med rapporten blir det teke opp tema som høgtrykksreinsking av krabba, foredling og prosesskontroll og framstilling av farse. Tørking av restråvare frå kongekrabbeproduksjonen står òg på programmet. Linken er dessverre fjernetBakgrunnLinken er dessverre fjernet Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) har i 2009 sett av 1,5 millionar til forsking på kongekrabbe. Møtet 26. mars varar frå 10 til 16. For påmelding, ta kontakt med Gunhild Henriksen på Linken er dessverre fjernetgunhild.henriksen@fhl.noLinken er dessverre fjernet eller Kristian Prytz på Linken er dessverre fjernetkristian.prytz@fhl.noLinken er dessverre fjernet, eller ring FHL Tromsø på 99 11 00 00. For meir informasjon, sjå  » Linken er dessverre fjernetprogram og invitasjonLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernet rapport om totalutnytting av kongekrabbeLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetprosjektet som leda fram til rapportenLinken er dessverre fjernet Linken er dessverre fjernetFotolisens: Creative Commons Linken er dessverre fjernetCCPLLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up