Til innholdet

22.10.2013

Klårare formidlingskrav frå FHF i nye standardvilkår

Forskingsfondet FHF har fornya standardvilkåra. Krava til forskingsformidling er no blitt meir utfyllande, og FHF vil i framtida halde tilbake ein større del av midlane ved mangelfull sluttrapportering.

Del artikkel
Linken er dessverre fjernetNB - oppdatering: Vilkåra blei 1.1.2011 Linken er dessverre fjernetoppdatert til versjon 3Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Vilkåra gjeld for alle prosjekt som FHF er oppdragsgjevar for, eller som FHF heilt eller delvis har finansiert, om ikkje anna er avtalt. Tilskotsmottakarar må stadfeste at dei aksepterar FHF sine standardvilkår før FHF-løyvinga kan tre i kraft. Linken er dessverre fjernetHeld tilbake 20 prosentLinken er dessverre fjernet - Vilkåra har vore uendra sidan 2002, seier informasjonssjef i FHF, Inge Harkestad. - På nokre områdar har rutinane endra seg, og det var derfor på tide å bringe vilkåra i samsvar med dei reelle arbeidsmetodane og behova. Samtidig har vi ønskt å tydeleggjere kor viktig det er å få forskingsresultata snarast mogleg ut til næringa. - Av denne grunn har styret vedteke at FHF som hovudregel skal halde tilbake 20 prosent av løyvingsbeløpet inntil vi har mottatt og godkjent sluttrapporteringa. Fram til no har det blitt halde tilbake 10 prosent, men vi ønskjer å understreke at jobben ikkje er avslutta før resultata er tilgjengeleggjort for næringa. Det skal leverast både fagleg sluttrapport og ei populærvitskapeleg oppsummering. Linken er dessverre fjernetResultata tilhøyrer næringaLinken er dessverre fjernet Bak prosjekta som utførast i FHF-regi står ei heil næring. På forskjellig vis bidreg næringa gjennom alle stadium og prosessar som leier fram til det endelege forskingsresultatet. - Resultata tilhøyrer heile næringa. Derfor skal òg næringa vere trygg på at dei får fullgod og oppdatert informasjon på FHF sine nettsider, seier Harkestad. - Dei nye vilkåra spesifiserer at www.fhf.no er den første staden rapporter og tilsvarande leveransar skal publiserast. All FoU-formidling skal samordnast med sekretariatet, i praksis informasjonssjefen, og det er FHF sin grafiske profil som skal brukast i formidling og profilering. Institusjonane skal framleis bruke sine eigne rapportmalar til den faglege rapporteringa, men i anna formidling og profilering vil vi gjere det meir synleg at forskinga er utført for FHF, og såleis tilhøyrer heile næringa. For fleire detaljar, sjå  » Linken er dessverre fjernetStandardvilkår for løyvingar frå FHF versjon 2Linken er dessverre fjernet Sjå også seinare oppdatering:  » Linken er dessverre fjernetStandardvilkår for løyvingar frå FHF versjon 3Linken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up