Til innholdet

22.10.2013

Gledeleg om rekruttering i fiskeflåten

Ifølgje ein ny rapport frå forskingsfondet FHF og Forskingsrådet, tilrår fiskarar og båteigarar gladeleg yrket sitt til andre. Næringa har ein robust sysselsettingsstruktur, og næringsutøvarane viser stor tru på næringa si framtid.

Del artikkel
Astrid Haugslett og Elisabeth Aasum i FHF (Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond) les rapporten med stor interesse. Dei er prosjektleiarar for eit treårig rekruttingsprosjekt som er finansiert over Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett. - Rapporten er med på å tydeleggjere og nyansere biletet av fiskeflåten, seier Haugslett. Linken er dessverre fjernetSterk framtidstruLinken er dessverre fjernet I rapporten kjem det fram at 57 prosent av fiskebåteigarane trur økonomien i verksemda blir betre dei neste fem åra, og berre 17 prosent trur det blir verre. Heile 78 prosent av aktive fiskarar og båteigarar vil tilrå yrket sitt for andre, medan 10,5 prosent ikkje vil gjere det. - At så mange vil tilrå yrket for andre, vitnar om at folk er glad i jobben, seier Haugslett. - Du tilrår ikkje noko du sjølv mistrivst med. Dette er veldig triveleg lesing. To tredjedelar av fiskarane og fiskebåteigarane trur dei vil halde på med det same om fem år som i dag. Forsvinnande få, under 6 prosent, tenkjer å slutte eller gå over i anna næring, medan 6,5 prosent ikkje veit kva dei vil gjere. Dei som ser for seg ei anna framtid, tenker i stor grad å pensjonere seg. Men i dette talet kan det liggje ei utfordring. Så mykje som 20 prosent trur dei er pensjonert om fem år. Linken er dessverre fjernetSysselsetjingsnettverkLinken er dessverre fjernet Forskinga viser at den desidert viktigaste kanalen for å rekruttere mannskap er venner og kjente. Mindre båtar hentar ofte mannskapet frå lokalsamfunnet, medan biletet er meir samansett for større båtar. Likevel er nettverk viktig for større båtar òg. Forskarane meiner derfor at rekrutteringstiltak ikkje berre må rettast mot individet, men mot samfunna der nettverksrekrutteringa skjer. Samtidig må tiltaka ta omsyn til at fiskarar er ei samansett og mangfaldig gruppe. Linken er dessverre fjernetDei fleste båtane får tak i folkLinken er dessverre fjernet 70 prosent av fiskebåteigarane har ikkje opplevd det som eit problem å skaffe mannskap. Fartøy mellom 15 og 20,9 meter, og over 28 meter, har hatt størst vanskar med å finne folk. Kvar femte båt i desse gruppene har opplevd rekrutteringsproblem. Kystfiskeflåten frå 21 til 27,9 meter ser derimot ut til å vere heilt skåna for denne typen problem. Forskarane konkluderer med at det eksisterande nettverkssystemet er fleksibelt og robust, og at det har dekt fiskeflåten sine behov fram til i dag på ein god måte. Haugslett synest likevel ikkje det er grunn til å oversjå fiskeflåten i det arbeidet som no skal gjerast for å auke ungdomen sin kjennskap til næringa. - Det er godt å høyre at stoda ikkje er så ille som ein av og til kan få inntrykk av, men det betyr ikkje at vi kan kvile på laurbæra. Med den struktureringa og moderniseringa som skjer, vil det vere aukande behov for mannskap med kompetanse, og ein skal vere obs på fiskeflåten si alderssamansetning. Eg les òg ut frå rapporten at fiskerinæringa må vere synleg, sånn at ungdom blir kjent med moglegheitene og får vekt interessa. Linken er dessverre fjernetKlare signalLinken er dessverre fjernet Haugslett seier at rapporten gjer heilt klare signal om kva ein bør jobbe vidare med. - Vi har ikkje laga strategi og handlingsplan for rekrutteringsprosjektet enno, og denne rapporten må vi ta med i det arbeidet, på lik linje med andre empiriske data. Det er gjort eit grundig arbeid med stort materiale og god spreiing på intervjuobjekta. Undersøkinga byggjer på telefonintervju med eit landsdekkande og representativt utval av 500 aktive fiskarar og 500 aktive båteigarar. Storparten av intervjua blei gjennomført før oljeprisen begynte å stige til dei nivåa ein har sett i det siste. Også 200 tidlegare fiskarar og båteigarar blei intervjua, om kvifor dei slutta i næringa. Ugunstige arbeidstider var den viktigaste årsaka. - Rapporten kan hjelpe oss til å sette inn trykket der det er mest formålstenleg, seier Haugslett. Linken er dessverre fjernetProsjektetLinken er dessverre fjernet Rapporten er ein del av det større prosjektet "Networks or Markets" som er finansiert av forskingsfondet FHF og Noregs forskingsråd. Prosjektgjennomføringa er eit samarbeid mellom Noregs Fiskerihøgskule / Universitet i Tromsø og Norsk senter for bygdeforskning. For meir informasjon, sjå  » Linken er dessverre fjernetrapportenLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetprosjektbeskrivingaLinken er dessverre fjernet  » artikkelen Linken er dessverre fjernetStor framtidstro blant fiskerneLinken er dessverre fjernet hos Bygdeforskning Linken er dessverre fjernetFotolisens: Creative Commons Linken er dessverre fjernetCCPLLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up