Til innholdet

22.10.2013

Freistande delikatesser i djuphavet

Har du høyrt om isgalt, havmus eller glatthodefisk? Lurer du på kvar du kan fiske djuphavsfisk, korleis dei merkelege artane ser ut, eller korleis du bør produsere og servere dei velsmakande fiskane frå djuphavet? Dette og meir kan du få svar på i boka til Møreforsking, Dyphavsarter fra Nord-Atlanteren.

Del artikkel

Linken er dessverre fjernetDjuphavsfiske har skapt verdiarLinken er dessverre fjernet. Møreforsking har sidan 90-talet drive næringsretta forsking for å utnytte bifangst og nye artar i djuphavet. Langsiktig finansiering har gjort det mogleg å arbeide tverrfagleg frå ressurs til marknad. Arbeidet har vist at det finnes mange artar som kan utnyttast betre, både som bifangst og i eit direkte fiske. Fleire av artane har truleg lang livsyklus og bør derfor utnyttast med varsemd. Artane som presenterast i boka er valt ut på bakgrunn av Møreforsking sitt utviklingsarbeid.

Utviklingsarbeidet har gitt kommersielle resultat. Ein har fått auka kunnskap om djuphavet og ein har funne interessante driftsmulegheiter. I perioden frå 2001 til 2003 vart det landa 7552 tonn til ein førstehandsverdi på ca 70 million kroner. Satsinga i djuphavet har også ført til at Noreg har fått tildelt eit større kvotegrunnlag for djuphavsartane i Nord-Atlantaren.

Vanleg kommersielt fiske forgår gjerne i djup ned til 300 meter, medan djuphavsfiske kan gå heilt ned til 3000 meter. I eit djuphavsfiske får ein mange artar i fangstane. Dei viktigaste djuphavsartane er blåkveite, isgalt, skolest, mora, blålange, brosme skjellbrosme, dypvannshå, brunhå, islandshå og ulike havmusartar. Linken er dessverre fjernetProduksjonLinken er dessverre fjernet. Det er ei utfordring å produsere djuphavsartar ombord. Ein får mange artar i fangstane og mange av fiskane er store og set seg fast på transportband og i tankar. I tillegg skal kvar enkelt art kuttast, pakkast og frysast på nye måtar. I samarbeid med reiarane, utstyrsleverandørar og kundane i marknaden har ein funne fram til korleis artane skal produserast. Produksjonsmetodane for fiskeartane er grundig skildra i boka og illustrert med unike bilde av artar og produksjonsprosess. Boka er i tillegg krydra med situasjonsbilde frå fangstfeltet. Gjennom utviklingsarbeidet er det gjort mykje nybrotsarbeid for å kartlegge råstoffeigenskapar til artane.

Mykje av materialet er tidligare ikkje publisert. Det finnes i dag svært lite litteratur om dei produktmessige eigenskapane til djuphavsartane. Det er derfor laga både ei norsk og engelsk utgåve av boka.

Sidan artane er tilpassa eit liv på fleire tusen meter djup har dei ofte ein spesiell utsjånad. Vår erfaring er at tilstyggare fisken ser ut ? til betre smaker den. Så lat ikkje det ytre skremme deg, hemmelegheita og smaksopplevinga ligg skjult under pansra skinn! Mange kokkar har framheva den gode smaken til djuphavsartane. Mora med sin kvite fine kjøttfarge, isgalten sin skaldyraktige smak, samt håartane sin søte smak blir trokke fram som positive eigenskapar. I boka finn ein også oppskrifter for nokre artar ? så her kan ein trylle fram dei lekraste rettar.

Boka vil gi ny kunnskap om artane og potensialet i djuphavet, både til fagleg og allmenn bruk. Boka vil vere eit nyttig reiskap for mannskapet om bord i båtar som driv djuphavsfiske, for eksportbedrifter og kundar i marknaden og andre som er interesserte i livet i djuphavet. Boka er finansiert av FHF.

keyboard_arrow_up