Til innholdet

22.10.2013

Fekk e-postabonnement og mp3-spelar

Oftast er det ny kunnskap ein får med seg ved å gå innom FHF på ei messe. Inger Beate Standal fekk med seg to ting til: Eit abonnement på nyhende-e-postlister og ein vatntett MP3-spelar.

Del artikkel
Kva totalutbytte Inger Beate Standal fekk av Nor-Fishing, lèt vi stå usagd, men ho fekk i alle fall med seg meir enn ho forventa. Takk vere abonnementet på FHF sine e-postlister, vil ho heretter få melding kvar gong FHF publiserer forskingsnyhende innan Standal sine interessefelt. Og takk vere kampanjen FHF hadde gåande under Nor-Fishing, fekk ho ei oppringing kort etter messa: - Gratulerer! Etter at du skreiv deg opp på e-postlistene våre på Nor-Fishing, har vi trekt deg ut som vinnar av ein vatntett mp3-spelar! - Oi, og så eg som aldri vinn noko! Linken er dessverre fjernetVinnarenLinken er dessverre fjernet Standal arbeider som forskar i SINTEF Fiskeri og havbruk, der ho for tida jobbar med metodar for å verifisere sporbarheitsdata. Ho kan fortelje at ho har vore på ein og annan tur med fiskebåt, og sjølv om det ikkje er planlagt noko nett no, får ho seg sannsynlegvis nokre nye turar etter kvart. Då kan den vatntette spelaren komme godt med. I mellomtida står ho godt rusta viss det skulle bli ein hard haust i Trondheim. Linken er dessverre fjernetKorleis abonnere på forskingsnyttLinken er dessverre fjernet Utdeling av mp3-spelare blir nok ei sjeldsynt hending frå FHF si side, men det kan vere nyttig å vite at alle som vil, kan abonnere på nyhendelistene. Via FHF sine nettsider kan du registrere e-postadressa di og krysse av for dei nyhendekategoriane du interesser deg for. Så snart FHF har klar ein artikkel innan ein av kategoriane du har valt, vil du få ei e-postmelding som oppsummerar saka og ei lenkje du kan klikke på for å lese meir.  » Meld deg på nyhende-e-postlistene Linken er dessverre fjernetherLinken er dessverre fjernet.
keyboard_arrow_up