Til innholdet

22.10.2013

Elvenot antyder færre oppdrettslaks i Namsen

Ei fleire hundre meter lang kilenót skal sortere ut oppdrettslaks frå den populære lakseelva Namsen. Førebels resultat tyder på færre oppdrettslaks i elva i haust enn forventa.

Del artikkel
Det blei òg satt ut nòt i fjor, men då blei det brukt åtte mindre nøter, og dei blei sett ut i Namsenfjorden i staden for vassdraget. Effektiviteten blei dessutan låg på grunn av storflaum og dårleg vêr. Årets nòt er mykje større, og strekkjer seg over heile den 330 breie Namsenelva. Elvenota blei lagt ut 20. august, og var ferdigjustert 24. august. På rundt to veker har nóta fanga nærmare 90 fisk. Av dei har rundt 15 vore oppdrettsfisk. Linken er dessverre fjernetMindre enn i fjorLinken er dessverre fjernet - Det resultatet er veldig interessant, seier prosjektleiar Frode Staldvik. - I fjor var langt over halvparten av fisken oppdrettslaks, så innslaget av oppdrettslaks er langt mindre i år. Røktarane melder òg at det er forholdsmessig fleire større oppdrettsfisk i år enn i fjor. Men den endelege konklusjonen kan vi ikkje trekkje før vi har avslutta overvakingsfisket seinare i år. Staldvik fortel at det blir gjennomført to typar fiske i Namsenvassdraget. Med den store nóta driv dei eit sorteringsfiske der røktarane avlivar fanga oppdrettslaks, men set ut att villaks. Kilenóta kan i beste fall stå til 1. oktober, men det avhenger av at vêret held seg. - Blir det mykje nedbør og storm, blir vi jaga på land. Heldigvis er vêrmeldingane gode. Frå 20. september byrjar dei eit overvakingsfiske med sportsfiskeutstyr på gyteplassen. Tidlegare har ein brukt to overvakingsstasjonar, men som del av prosjektet blir talet på stasjonar auka til seks eller sju. - Dette gir tryggare data, seier Staldvik. Linken er dessverre fjernetNamsenLinken er dessverre fjernet Namsenvassdraget er blant dei største og viktigaste laksevassdraga i Noreg. Det er knytt store ressursar til laksefisket i Namsenelva, som renn ut i Namsfjorden ved Namsos. Namsenfjorden og Namsenvassdraget er respektivt nasjonal laksefjord og nasjonalt laksevassdrag, noko som inneber forbod eller restriksjonar mot oppdrettsverksemd i området. Det finnast ikkje oppdrettsanlegg i Namsenfjorden. Kvar oppdrettslaksen kjem frå tør ikkje Staldvik spekulere i. - Laksen kan vandre langt. I fjor fanga og merka vi ein laks som seinare blei funnen att i svenske elvar. Linken er dessverre fjernetProsjektetLinken er dessverre fjernet Prosjektet blir administrert av Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening på vegne av forskingsfondet FHF (Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond), og blir utført av Kunnskapssenteret for Laks og Vannmiljø. For meir informasjon, sjå  » Linken er dessverre fjernetprosjektbeskriving Linken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetartikkel på nrk.noLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernetartikkel hos Jakt & FiskeLinken er dessverre fjernet  » Linken er dessverre fjernettidlegare artikkel i Namdalsavisa om kilenótaLinken er dessverre fjernet
keyboard_arrow_up